Musikk er som fuckings terapi for oss

mandag, juli 20, 2009

Ny side

"Musikk er som fuckings terapi for oss" skifter namn til blogg og vert ein del av heimesida til Guano. Talast der!

Esben

søndag, januar 11, 2009

New Buffalo


New Buffalo

MP3 - Cheer Me Up Thank You

My Space

tirsdag, desember 16, 2008

School of Seven Bells


School of Seven Bells

Mp3 - Connjur

My Space

lørdag, november 15, 2008

Topless Women Talk About Their Lives


Eg hadde mitt første møte med herleg indierock frå New Zealand (høyrast eg religiøs ut no?) når vi viste filmen Topless Women Talk About Their Lives på filmklubben heime i Lofoten. Filmen krinsar rundt ein vennegjeng i Auckland. Kanskje New Zealand sitt svar på Singles (som foregår i Seattle). Småartig og lite høgtideleg film. Men det som gjorde størst inntrykk var filmmusikken. Etter filmen satt vi heime hos Øyvind og prøvde å streame musikk frå Flying Nun si heimeside på ei ræva internettlinje. Tok omtrent 20 min å høyre ei låt. Hehe, tidene har endra seg. Soundtracket er gjeve ut av Flying Nun og det er ein veldig bra introduksjon til labelen og nokre av dei finaste banda frå øyene. Eg trur ikkje det er eit svakt spor på denne skiva, så er verdt å sjekke ut. Her er nokre utvalte smakebitar.

The Bats - North By North
The Clean - Anything Could Happen
The Chills - I Love My Leatherjacket
The 3 D`s - Spooky

mandag, november 10, 2008

Lil Chief Records


Lil Chief Records er ein label som held til i Auckland. Dei har nokre fine artistar i stallen, mellom anna The Brunettes og Ruby Suns som båe har blitt gjeve ut i USA på Sub Pop.

Mp3 The Brunettes - Small Town Crew
Mp3 The Ruby Suns -
Tane Mahuta

Heimesida til Lil Chief Records
The Brunettes på My Space
Ruby Suns på My Space



onsdag, november 05, 2008

Shocking Pinks



Shocking Pinks er eit band som har hatt mange medlemmar sia dei starta opp i Christchurch. Men det er vel først og fremst prosjektet til Nick Harte. Held for tida til i Auckland. Dei har gjeve ut nokre plater på Flying Nun og ei på den amerikanske labelen DFA. Fin blanding av støyrock, postpunk etc.

MP3 -
I Want U Back
My Space

tirsdag, november 04, 2008

New Zealand


Sjølv om New Zealand har litt færre innbyggarar enn

Noreg, så har landet fostra mange bra band opp gjennom tida, og det ser ut som rekrutteringa er god. Split Enz og Crowded House er dei mest kjente. Men det kom jækla mykje bra frå miljøet rundt labelen Flying Nun på 80- og 90-talet. Band som The Clean, The Bats, The Chills (ikkje alle gjeve ut på labelen). The, the, the, the. I dag kan ein nemne The Brunettes, Ruby Suns, Liam Finn, Shocking Pinks etc.

Eg brukte helga (yeah, eg er ein tapar) på å sjekke ut fleire band, spesielt frå Flying Nun. Såg ein fin dokumentar på You Tube om labelen. Fine greier. Bitre og blakke labelfolk. Bank i bordet.

Eg tenkte å leggje ut postar på nokre av dei banda som eg liker frå NZ, både frå for- og samtid. Kanskje eg lager ein miksteip med mine favorittlåtar til helga og ei liste over album verdt å sjekke ut. Okei, skal ikkje bli for ambisiøs no.

Artikkel på Wikipedia om musikk frå New Zealand
Heimesida til Flying Nun
The Bats på My Space